SOMMARREVY:
Hotellet køyrer fast Sommarrevy i telt i mai, ­ juni og ­juli med både lokale aktører og utenforstående proffesjonelle artister. I publikumsomfang er dette det største arrangementet i Fitjar med ca 4000 solgte billetter kvar sommar. Ei unik stemning og atmosfære i teltet har gjort dette til ein publikumsmagnet. Dette Arrangementet er det Fitjar Fjordhotell som står for og Ole Bergesen har ansvar for alt som foregår på scenen.

REVYFESTIVAL:
Kvart andre år arrangerer Fitjar fjordhotell og Fitjar Teaterlag Revyfestival for heile vestlandet -  dette arrangementet  trekker til seg ca 200 revyartister frå Rogaland til Sogn og Fjordane.
Dette er eit arrangement som kvalifiserer dei beste innslaga på scenen direkte til Revyfestivalen på Høylandet.

JULEBORD:
Hotellet har også under juleborda tradisjon med revyunderholdning. Dei siste åra har vi hatt navn som Henning Wickmann, Ole Bergesen, Jan Otto Vik, Idol-Eva for å nevne nokre av dei som har vært med å underholdt på Juleborda.
Men hotellet gjev stadig rom for nye spenstige utfordringar, og me skreddarsyr gjerne arrangement slik Du ynskjer det.