Velkomen til Fitjar Fjordhotell

Fitjar Fjordhotell ligg sentralt til i Fitjar sentrum med utsikt over Fitjarvikjo. Fitjar er kjent for den svært vakre skjærgården sin, med sine uttalige holmer og skjær.

Fitjar fjordhotell har 24 rom med høg standard, dei vart renoverte hausten 2007 og alle romma har fått nye møbler og heilt nytt bad.
Konferanseavdeling består av ein plenumsal ( 60 personer) og styrerom(16 personer). I konferanse avdelinga er det trådlaust nett.

I frå vår restaurant som vi kan dekke til 130 personer har du utsikt  ned mot elva som renner forbi hotellet og også ut mot Fitjarvikjo!
Dei ansatte på Fitjar Fjordhotell ønskjer å gjere det beste ut av ditt opphald her på Fitjar.

Me håper du kommer til å trives hvis du blir ein av våre gjester!